Oppsummering av fuglejakt

No er hausten allereie godt i gang, og fuglejakta er over for i år.

For mange har det nok vore ei bra jakt medan for andre har det nok vore so som so. Dei fyrste dagane var no prega av særs dårleg sikt både for jegerar og oppsynsmenn.

Tilbakemeldingane frå jegerane vi har snakka med er kan ein seie er blanda drops, nokon meiner at det er kjempebra med «fuglar» medan andre har knappast sett nokon i det heile. Takseringsresultata er det vi forheld oss til, so bra som vi skulle ønske og gir oss ein peikepinn på kva vi bør gjere for å forvalte det vi har på ein fornuftig og forsvarleg måte. Resultata var som kjent ikkje bra og det viser nok igjen på snittet av jegerar vi har snakka med. Det er dårleg med fuglar for tida både skogsfuglar og rype. Var nok den kalde forsommaren som øydela litt for resultata på både takseringa og jakta.

Var nokon som fortalde at dei hadde hatt oppe 12 kull med ryper i eit lite område og at takseringa var feil, dagen etter snakka eg med nokon andre dei hadde hatt opp 2 kull heile dagen i same området. Dei siste hadde ikkje skutt for dei meinte det var for lite fuglar. Som sagt før, vi fastset kvotane ut frå resultata av takseringane  og det ser ut som i snitt det er riktig. Sjølvsagt er der stader som er betre enn andre og er nok heilt ok, sjølv om dei nok er dårlegare enn dei har vore før. Andre stader er tilnærma tomt for fuglar, då er jo sjølvsagt snittet dårlegare enn på dei «bra stadane».

Som følgje av ein ørliten feil hjå INATUR har det ikkje vore mogleg å rapportere inn fangst på grunn av manglande jaktkort nr. Denne feilen er no oppretta,  ein vil motta eller allereie ha motteke ein mail frå INATUR med jaktkort nr. Dermed kan ein no gå inn å rapportere fangst.

kikkert1.jpg
Bjørnar Johnsen