Rapport fra Isfiskehelg for Femund Ung.

Før påske var Femund Ung på isfiskehelg og Ungdomskontakt Per Jørgen Høie i FJFF kunne rapportere følgende:

“3 ungdommar + ein far i tillegg til Ungdomskontakt i FJFF reiste laurdag kl 10 frå Dalset mot Volsjøen med 4 pulkar og stor optimisme. Vi var glade for at vi hadde med ovnen til lavvoen, for på natta vart det verkeleg kaldt. Det vart kompensert med ei knallsterk og varm sol på sundagen. 

 

Fisket vart ikkje heilt det store,men vi fekk sikkert 10 fisk i lag, med ein aure på 4hg som største. Vi laga leir og hadde kveldsbål under middagslaginga og fyra hardt i lavvoen til natta. Ungdomskontakten bør vurdere sterkt å bytte ut sin mors 42 år gamle sovepose.
Det var med 3 ungdommar i alt. Ein frå Engerdal. Dei to andre kjem frå Romedal og Rena, kor dei ikkje har slike moglegheiter. Det er fint å få samle ungdommar med same interesse, og vi håper at fleire kjem på seinare arrangement for Femund Ung.”

Foto: Ole Solvang

Foto: Ole Solvang

Foto: Ole Solvang

Anne-Merethe Haugnæss